Juleshow 2021

Sundag 24. november Kl. 08:09

Ikkje engong ein pandemi kan stoppe heile Noregs Øivind Blunck! Med eit skikkeleg stjernelag i «Juleshow 2021», blir dette eit heilt nytt show. Det blir både latter og glede, tårer og gåsehud når Øivind Blunck, Tor Endresen og Reidun Sæther inntek scena, med sjølvaste Tangent 007 – «Beat for beat»-legenda Trond Dahl – på pianokrakken.

Som om ikkje dette er magisk nok i seg sjølv, er også tryllekunstnar og illusjonist Erling Solland med på laget. Vi gler oss til å dele denne magiske og musikalske opplevinga med våre følgjarar på sjukeheimar, sjukehus, og klinikkar i heile landet og lovar julestemning! For dei som ikkje har moglegheit til å følgje konserten live den 10 desember kl: 19.00, blir den vist i reprise måndag 13 desember kl. 11:00-16:00.