Private omvisingar
Private omvisingar
Oseana tilbyr ulike kunstomvisingar for grupper, som kan bookast til ønskt tidspunkt. Gruppa får tildelt sin eigen omvisar som tek de med inn i utstillinga. Vi tilpassar nivået ut frå alder og kva kunnskap de har frå før. Det er mogleg å komme med ønske om å fokusere på enkelte tema i utstillinga de vil dykke djupare inn i. Omvisingane er fleksible i formen, og kan ha større eller mindre grad av deltaking, etter ønske. Alt frå tradisjonell omvising til «omvend omvising», der deltakarane sjølv er aktive i ein dialog rundt kunsten. Kom gjerne med forslag til utradisjonelle omvisingsidéer, så kan vi sjå kva vi kan få til saman!
Det er mogleg å booka utanom ordinær opningstid, med eit tillegg i prisen. Ta kontakt med Jørgen Larsson på jorgen@oseana.no eller telefon 482 37 888 for meir informasjon og pris. Dersom du ønskjer ein pakke med servering av mat, drikke eller andre tilleggsprodukt, ta kontakt med restauranten på restaurant@oseana.no (telefon 53 69 51 40).
Pris
Prisen er 2000 kroner for kvardagar på dagtid og 2500 for helg eller kveld.
Ei omvising er anbefalt for maks 30 personar.
Ei omvising varer i mellom 45 minutt og 1 time.
Vi tilrår å starte eller avslutte besøket i Oseana Kafé & Restaurant
Slik går du fram for å booke omvising:
- Fyll ut bestillingsskjema med ønskt tidspunkt, talet på personar og kontaktinfo
- Vi kontaktar deg deretter på telefon og e-post for å stadfeste / avtale tidspunkt.
- De møter opp på Oseana, og betaler i resepsjonen om han er open (onsdag–søndag 12–16).
Ved andre tidspunkt, får de tilsendt faktura (fyll ut fakturadetaljar under)
Har du spørsmål? Kontakt oss på post@oseana.no eller telefon 917 50 231.