Oseana Kunst- og Kultursenter
Oseana Kunst- og Kultursenter
Oseana kunst- og kultursenter ligg på Os, i Bjørnafjorden kommune, like sør for Bergen. Du finn oss i brytninga mellom sjø og land på Mobergsneset, og her kan du oppleva unik kunst og kultur, kombinert med vakker natur, friluftsliv og god mat.
Oseana har som mål å gjøre Bjørnafjorden til eit bedre sted å bo, gjennom å tilby et mangfold av kunst- og kultur opplevingar.
Fordelt på våre 5800 kvadratmeter finn du kunstutstilling, kultursal, restaurant og lokaler til kurs, konferansar, møte og selskap. Grieg Kunstsamling består av fleire hundre kunstverk, hovudsakleg av norske kunstnarar.
Gode opplevingar på Oseana!
Historia bak
Frå kunstsamling til kulturhus
2006: Per Grieg sr. tok kontakt med Os kommune v/ordførar Terje Søviknes. Han presenterte tankane om å byggja eit kunstmuseum som skulle husa Grieg Foundation si kunstsamling, og gjera denne tilgjengeleg for folk flest. Sjølve bygget skulle også vera spektakulært, helst liggja ved fjorden, og representera noko nytt i høve tradisjonelle kunstmuseum.
Initiativet frå Grieg resulterte i ein omfattande prosess i Os kommune. Regionale, nasjonale og internasjonale kulturmiljø vart utfordra, og alle fekk koma med sine kravspesifikasjonar. Idéen utvikla seg til eit multifunksjonelt kunst- og kultursenter, teikna av Grieg Arkitekter v/Andreas Grieg.
18. desember 2008: Samrøystes vedtak i Os kommunestyre om realisering av Oseana kunst- og kultursenter.
24. april 2009: Byggjestart på Mobergsneset. Overskotsmassar blei nytta til ny molo i Os Hamn.
17. juni 2011: Offisiell opning av Oseana kunst- og kultursenter.
Senteret er finansiert i eit offentleg-privat spleiselag mellom den gong Os kommune, Hordaland fylkeskommune, Grieg Foundation, næringsaktørar i Oseanalauget og andre private gjevarar. Total kostnad var ca 200 millionar kroner.
Organisasjon
Drifta av Oseana er organisert i eit kommunalt føretak (KF).
Styret for Oseana KF:
Styremedlemmar:
- Daniel Skotheim (leiar)
- Anita Nysæther Kristiansen (nestleiar)
- Ruth Elin Midtbø
- Kenneth Smørdal
- Henriette Tverli Dale
- Henrik Askvik
- Anne Kristine Tøsdal (tilsetterepresentant)
Varamedlemmar:
- Terje Raunsgård
- Gøril Nordtveit
- Anna Parnefält Størksen
- Jørgen Larsson (tilsetterepresentant)
Støttespelarar
- Grieg Foundation
- Alutec AS
- Kavlifondet
- Sparebanken Vest
- Fana Sparebank
- Strømberg Gruppen AS
- Storbergen/OBOS
Oseanalauget
Oseanalauget var Oseana kunst- og kultursenter sitt eige sponsorlaug. Lauget besod av verksemder og privatpersonar som alle bidrog med midlar til bygging av senteret. Oseanalauget si målsetting var å skapa begeistring for Oseana kunst- og kultursenter. Utan dette private engasjementet, og medlemmane i Oseanalauget sine økonomiske bidrag, hadde ikkje Oseana blitt ein realitet anno 2011!
Samarbeidspartnarar
Bjørnafjorden kommune og Vestland Fylkeskommune
Årsmelding
Her finn du Oseana si årsmelding