Trollmannen frå Oz

Trollmannen frå Oz

Dorthea blir virvla opp av ein tornado og vaknar opp på andre sida av regnbogen i det magiske landet Oz. For å finne vegen heim, må ho kome seg til Smaragdbyen og den O- så store Oz. På vegen møter ho blant anna eit tinn-menneske som så inderleg ønsker seg eit hjarte, fugleskremselet som så gjerne vil ha ein hjerne å tenke med og den livredde løva som håpar på å få litt mot.

Kjem dei til å klare det? Eller klarar den Heslege heksa frå Vest å stoppe dei?

17 barn og unge mellom 10 og 16 år gler seg til å ta publikum med til den andre sida av regnbogen! Trollmannen fra Oz er eit vakkert eventyr som er like morosamt og fascinerande i dag som då boka kom ut for første gong i 1900. Det kjem til å sprudle av magi, humor og musikk når skodespelarane frå Teaterfrø UNG tar deg med til det fortryllande landet Oz.

Manus og regi: Veronika F. Røssland og Frøydis Flotve

Skodespelarar: Pernille Søfteland, Malia Skarstein Kjetland, Julie Søfteland, Marina R. Morvik, Siril Haugland-Bergh, Alessandra Langbakk Labellarte, Aletta Bjørlykke Moberg, Viola Gjerdevik-Kolstad, Kyrre Skutlaberg Johansen, Michelle Røyrvik, Helene Tangen Haugland, Marielle Lykke Bygnes, Sofie Birkeland Espenes, Nasrin Svendsen, Christina Rød, Kaja Emilie Nesbø, Sannah Sofie Rusch

Plakat: Malena Hollund Ekeland

Familieframsyning frå 4 år og oppover
Framsyningslengde ca. 1 time