
Team Bachstad
Team Bachstad kjem til Oseana!
Den populære duoen Øystein Bache og Rune Gokstad har sidan 2011 tatt med TV- sjåarane på ei rekke reiser verda rundt – alltid på utradisjonelt vis. 10 sesongar har så langt gått på NRK1.
Sommaren 2024 sendte NRK sesong 10 på nrk.no med veldig høge sjåartal – seinare på hausten fylgde dei ni episodane frå deira Japanreise på NRK1.
Sesong 11 blei innspelt tidligare i år – sørlige Afrika blei kryssa på langs! Som i fjor kjem denne på nrk.no til sommaren og linjert på NRK1 utpå hausten.
No får publikum høvet til å oppleve Team Bachstad «live»! I samarbeid med NRK inviterast det til eit talk-show der publikum blir med i ei halvanna time lang reise i levande live, med humor, filmklipp og historier som ikkje kom med i programma! Duoen, som også står bak jule- og påskenøttene på NRK, kjem til Oseana 7.november.
–––––––––––
Varigheit: Om lag 90 minutt.
Rullestolplass og ledsagerbillett: Eit avgrensa antal rullestolplassar og ledsagarbillettar kan kjøpast i resepsjonen eller ved å kontakte oss på telefon: 917 50 231 / e-post: resepsjon@oseana.no