Opning av kunstutstilling: Strålar

Opning av kunstutstilling: Strålar

Årets store sommarutstilling har fått tittelen Strålar og opnar fredag 25. april kl. 19:00. Dette vil du ikkje gå glipp av!

Apichaya Wanthiang sitt bilde Beamed Up gav impulsen til tittelen på utstillinga, og har i sin nattserie treft eit slags mytisk mellompunkt der både natur, tradisjon og science fiction kan eksistere på same stad.

Historisk sett er ordet strålar knytt til observasjon og representasjon av lys – ein sentral problemstilling innan biletkunsten. Frå studiet av lysspelet over landskap og evna lyset har til å modellere form, til dei symbolske og metafysiske koplingane det har, har kunstnarar undersøkt dei mangfaldige eigenskapane til lyset.

Tenk berre på Harriet Backer si systematiske utforsking av verknaden til dagslyset på farge og rom i interiør, eller J.C. Dahl si interesse for atmosfæriske og meteorologiske lysfenomen. Lyset har vore ein reiskap for realisme, eit middel for stemningsbygging, og eit symbol på alt frå det guddommelege til det opplyste.

I dag har omgrepet «strålar» og «stråling» fått utvida og meir problematiske tydingar, farga av vitskapleg og teknologisk utvikling. Ved sida av den livgjevande energien til sollyset, vert stråling òg assosiert med usynlege krefter som UV-stråling, radioaktivitet og elektromagnetiske felt. Desse formene for stråling er knytte til globale utfordringar som klimaendringar og risikoane ved kjernefysisk teknologi. Dermed rommar omgrepet «strålar» i dag eit spenn frå det levande og synlege til det skadelege og usynlege, frå det naturlege til det teknologiske.

Utstillinga tek utgangspunkt i denne glidinga og konseptuelle dobbeltheita. Ho sidestiller verk frå norsk kunsthistorie med arbeid av nolevande kunstnarar som på ulike vis forheld seg til lys, energi og stråling i ei breiare forstand.

Blant dei historiske verka ser vi korleis kunstnarar som Peder Balke nytta lyset for å artikulere symbolske og psykologiske opplevingar av landskapet. Hos dei nolevande kunstnarane finn vi andre tilnærmingar. Mariko Mori sine arbeid nyttar lys og teknologi for å utforske forhold mellom det materielle, det spirituelle og det post-humane, der ulike former for energi og utstråling er sentrale element. Madeleine Bialke sine måleri, med sin intense koloritt, kan sjåast i lys av samtalar rundt natur og økologi, der det «strålande» landskapet òg inneheld dissonans.

Nolevande kunstnere:
Málfríður Aðalsteinsdóttir, Marit Victoria Wulff Andreassen, Madeleine Bialke, A K Dolven, Thomas Falstad, Candida Höfer, Elin Reboli Melberg, Mariko Mori, Raphaëlle Bertran Pinheiro, Tyra Tingleff, Apichaya Wanthiang.

Klassikarar frå samlinga:
Nikolai Astrup, Reidar Aulie, Harriet Backer, Peder Balke, Knud Bergslien, Nils Bergslien, Erik Bodom, Knud Geelmuyden Bull, Knud Baade, Hans Dahl, Johan Christian Dahl, Johan Fredrik Eckersberg, Arne Ekeland, Kai Fjell, Johannes Flintoe, Hans Gude, Lars Jorde, Theodor Kittelsen, Lul Krag, Christian Krohg, Per Krohg, Xan Krohn, Carl Larsson, Bruno Liljefors, Adelsteen Normann, Asta Nørregaard, Eilif Peterssen, Christian Skredsvig, Frithjof Smith-Hald, Harald Sohlberg, Marie Tannæs, Frits Thaulow, Adolph Tidemand, Bernt Tunold, Gustav Wentzel, Erik Werenskiold

Gratis inngang på opningsdagen.
Ordinære prisar: Barn, student og honnør: 50,- | Vaksne: 100,-
Utstillingsperiode: 25. april – 31. august.

Hjarteleg velkommen til opning fredag 25. april. Vi besørger noe godt i glasset, hyggeleg stemning og talar.