
Riksteatret: Læreren
Av og med Fredrik Høyer
Eg ventar til det blir stille …
Å vere lærar er som å vere standup-komikar, psykolog, barneoppdragar og foredragshaldar på same tid. Alt skal lærast, ikkje minst kjærleiken ein får til elevane. Viss læring er å møte seg sjølv, og forståing er å stå foran eit anna menneske, kva betyr då eigentleg ansvar for eiga læring?
Den nytilsette vikarlæraren Kristian står foran ein femteklasse, eit tverrsnitt av samfunnet, fylt med behov, forventingar og draumar. Men i hemmelegheit går han rundt med ei konstant indre oppløysing. I møte med tiåringane blir han tvungen til å konfrontere sitt eige indre barn, lærarrolla og systemet rundt han.
Slam-poet og skodespelar Fredrik Høyer er ein av samtidsteaterets mest originale stemmer. Han framfører sjølv rolla som vikarlæraren Kristian med nærheit og sylskarp humor, i ein djuptloddande tekst om korleis vi forstår oss sjølv gjennom andre sine blikk og rollene vi spelar i kvarandre sine liv. På ein overraskande måte vert det grå og kvardagslege gjort til ei mytisk reise som vedkjem både deg og meg.
Dramatikar, komponist og skodespelar Fredrik Høyer. Regissør Katinka Rydin Berge. Scenograf og lysdesignar Øyvind Wangensteen. Kostymedesignar Julia Wilde. Foto Eirik Havnes. Brodering og grafisk design Sandra Olsen. Produsent Riksteatret Anita Basmo Bjørnstad. Produsert av Vega Scene og Riksteatret.
Foto: Eirik Havnes
––––––––––
Varigheit: To dobbelttimar med friminutt (3 timar inkludert pause)
Rullestolplass og ledsagerbillett: Eit avgrensa antal rullestolplassar og ledsagarbillettar kan kjøpast i resepsjonen eller ved å kontakte oss på telefon: 917 50 231 / e-post: resepsjon@oseana.no