Os Senioruniversitet – Torbjørn Færøvik : Eventyrlege India
Eventyrlege India – Frå fattig til rik.
I fjor vart India det mest folkerike landet i verda. India er som ein enorm mosaikk og vert omtalt som verdas største demokrati. Men korleis står det eigentleg til med styre og stell i dette landet?
Torbjørn Færøvik er historikar og journalist. Han har reist på kryss og tvers i Kina og India og har skrive tolv bøker om desse to stormaktene. Korleis vil det nye, sterke India påverke verda?