Kunst og demens
Omvisingane er gratis og eit tilbod til menneske med demens med følgjeperson.
Ein treng ingen førehandskunnskapar, og omvisingane blir spesielt tilrettelagde for dei påmelde. Alle får sitjeplassar ved kunstverka, og erfarne formidlarar syt for ein open samtale der alle kan bidra med eigne tankar og assosiasjonar.
Vi tek oss tid med kaffi og ein hyggeleg prat.
Omvisingane er et samarbeid mellom Oseana kunst- og kultursenter, Kultureininga og Bjørnafjorden kulturelle spaserstokk.
Varigheit: 2 timar.
Påmelding til Jorgen@oseana.no innan torsdagen før omvisinga. Obs: avgrensa plassar.