Hyl med andre ord

Hyl med andre ord

«Hyl med andre ord» av Karoline Una Moen. Dette er ein scenetekst om hyl som er vanskelege å høyre, om ein gris som rømmer frå eit slakteri og ei verd som gir mindre og mindre meining.

TeaterfrøUNG deltek på DUS – Den unge scenen, eit landsdekkande prosjekt som jobbar for å heve nivået på ungdomsteater i Norge. 

Ca. 80 ungdomsgrupper fordelt over heile landet deltek i kvar runde. Det vert arrangert festival i alle deltakande regionar og ein landsdekkande festival på Det Norske Teatret i Oslo for utvalde grupper. I 2023 vart vår gruppe valgt ut til å representere Vestland.

25.-27. april er det regional festival i Bergen, på Det Vestnorske Teateret, der sju grupper frå ulike deler av fylket er klare til å presentere sine framsyningar.  

Skodespelarar:
Ebba Christine Larsen Totland, Helene Tangen Haugland, Kyrre Sjøbø, Pernille Søfteland, Malia Skarstein Kjetland, Idunn Eide Høvik, Nicoline Longberg Gill og Siril Haugland-Bergh.

To framsyningar: 
Lokal premiere i Vargasalen, fredag 4. april klokka 18.00.
Framsyning i Vargasalen, laurdag 5. april klokka 13.00

Stykket passar ikkje for barn under 10 år.
Varigheit om lag 1 time.