Hans og Grete – Fritt etter brødrene Grimm

Hans og Grete – Fritt etter brødrene Grimm

TeaterfrøUNG presenterer: Hans og Grete – fritt etter brødrene Grimm 

I eventyret om Hans og Grete blir barna forlatt i skogen og finn ikkje vegen heim att. I staden blir dei ført til eit hus som er laga av kaker, godteri og sukker. Dei svoltne barna byrjar å ete av det smakfulle huset, men det viser seg at det er ei heks som bur der.

Framsyninga passar for heile familien, frå 4 år og oppover.

To framsyningar:
Premiere i Vargasalen, Laurdag 5. april klokka 17.00.
Framsyning i Vargasalen, Søndag 6. april klokka 13.00

Skodespelarar:
Marina R. Morvik, Alessandra Langbakk Labellarte, Viola Gjerdevik-Kolstad, Christina Rød, Kaja Emilie Nesbø, Marielle Lykke Bygnes,
Nasrin Svendsen, Aletta Bjørlykke Moberg, Julie Søfteland, Amanda Iden Næss,
Sofie Halhjem Wasmuth, Michelle Røyrvik, Marion Hagen, Serine Sofie Schmidt
Fotland 

Illustrasjon: Malena Hollund Ekeland
Instruksjon / regi: Veronika F. Røssland og Frøydis Flotve

Varigheit om lag 1 time.