
Familieverkstad – Mal/teikn ditt eige bilete
Ta med familien og bli med workshop!
Mal eller teikn ditt eige bilde – med inspirasjon frå kubismen og Picasso. Ein perfekt aktivitet for å kombinere læring, kreativitet og kvalitetstid saman med familien.
Pedagog Inga S. Søreide instruerer i ulike måleteknikkar med akryl og viser korleis ein kan byggje opp ein biletflate. Vi samtalar om fargar og innhald i biletet, og alle får rettleiing undervegs.
Alt materiale og utstyr er inkludert i prisen. Måleriet kan takast med heim same dag.
Målet med verkstaden er at foreldre og barn skal skape og oppleve noko saman. Difor må også foreldre eller andre deltakarar kjøpe eigen billett for å dekkje utstyrskostnader.
Besøk gjerne Grieg Kunstsamling i 1. etasje før eller etter familieverkstaden. (50,- for born og 100,- for vaksne)
Stad: Foaje
Pedagog: Inga S. Søreide
Antall plassar: 30
—
Ein stor takk til Grieg Foundation som bidrar til kunstglede for store og små.