
Familieverkstad – Lag påskepynt og mål vårbilete
Ta med familien og bli med på verkstad!
Saman målar vi flotte vårbilete og lagar morosame figurar som retrohøner, dinglekyllingar og filt-egg! Ein koseleg og rimeleg aktivitet som kombinerer læring, kreativitet og kvalitetstid med familien.
Måling
Vi lar oss inspirere av fargar og former som kjem til å dukke opp i naturen den kommande tida, og skapar måleriar basert på dette.
Påskepynt
Vi syr og limer i filt, både etter mønster og med eigne idear – og endar opp med livlege figurar som retrohøner, dinglekyllingar og fargerike filt-egg!
—
Alt materiale og utstyr er inkludert i prisen. Måleriet og påskepynten kan takast med heim same dag.
Målet med verkstaden er at foreldre og barn skal skape og oppleve noko saman. Difor må også foreldre eller andre deltakarar kjøpe eigen billett for å dekkje utstyrskostnader.
Besøk gjerne Grieg Kunstsamling i 1. etasje før eller etter familieverkstaden. (50,- for barn og 100,- for vaksne)
Stad: Foaje
Pedagog: Inga S. Søreide
Antall plassar: 30
—
Ein stor takk til Grieg Foundation som bidrar til kunstglede for store og små.