Snøhvit – med Grand Kyiv Ballet

Snøhvit – med Grand Kyiv Ballet

Ei av Ukrainas mest populære familieframsyningar kjem no til Oseana med dansarane frå Grand Kyiv Ballet! 

Balletten Snøhvit er basert på Brødrene Grimm sitt eventyr, men i stil liknar han på ein Disney-film. Du vil oppleve å stupe inn i ein fantastisk atmosfære fyld med eventyrlege overraskingar, vakre dansar, godt humør og skodespel, fantastiske kostyme og scenografi. Den inderlege kjærleikshistoria bringar positive og varme kjensler til hjartane våre, og den gode venskapen, godheita og kjærleiken vil overvinna det vonde.

Balletten om Snøhvit og dei sju dvergane hadde premiere på scena til Taras Shevchenko National Opera and Ballet Theatre of Ukraine i Kyiv i 1975. Denne produksjonen blei også framført på scenene i Kharkiv, Dnipro og Lviv. Det var ei av dei mest populære familieframsyningane i Ukraina. 

Vi er spesielt glade for at ukrainske artistar, dei ledande dansarane frå Grand Kyiv Ballett, bringar dette sjarmerande eventyret til live på scena i Skandinavia.

Musikken til balletten er skrive av den polske komponisten Bogdan Pawlowski.

Framsyninga varer i om lag 2 timar, inkludert ein 20 minutts pause.

Rullestolplass og ledsagerbillett: Eit avgrensa antal rullestolplassar og ledsagarbillettar kan kjøpast i resepsjonen eller ved å kontakte oss på telefon: 917 50 231 / e post: resepsjon@oseana.no