KUNST OG DEMENS. Tilrettelagd omvising. 02.03. Kl. 11:30 – 13:30
Omvisingane er gratis og eit tilbod til menneske med demens med følgjeperson. Ein treng ingen førehandskunnskap, og omvisingane blir spesielt tilrettelagde for dei påmelde. Alle får sitjeplassar ved kunstverka, og erfarne formidlarar syter for ein open samtale der alle kan bidra med eigne tankar og assosiasjonar. Vi avsluttar med kaffi og ein hyggjeleg prat.
Påmelding til evelyn@oseana.no seinast torsdag 30. januar. Avgrensa plassar.
I samarbeid med Kultureininga og med tilskot Bjørnafjorden kulturelle spaserstokk.