Før jeg forsvinner – Foredrag/samtale med Ingebrigt Steen Jensen og Kjetil Kristoffersen

Før jeg forsvinner – Foredrag/samtale med Ingebrigt Steen Jensen og Kjetil Kristoffersen

Ingebrigt Steen Jensen er reklamebransjen sitt store ess, bestseljande forfattar og fotballentusiast. Reklamekampanjane hans blir omtala som nokre av dei mest vellukka i norsk kommunikasjonshistorie. Så fikk han Alzheimers sjukdom, og livet blei snudd på hovudet. Då skreiv han den openhjartige og ærlege boka “Før jeg forsvinner”.

Alzheimer er for mange framleis ein sjukdom å skamma seg over. Den vi ikkje snakkar om- ikkje eingang i gravferda. Men vi har ingenting å skamma oss over, seier Ingebrigt. Vi har ikkje røykt, drukke eller lege på sofaen meir enn alle andre. «Før jeg forsvinner» er Ingebrigt Steen Jensen si eiga historie om å leva med Alzheimer.

Ei sterk historie om eit liv som brått endra seg med dei utfordringar, men også
høve det har ført med seg.

Tor Hammerø i Nettavisen gir boka “Før jeg forsvinner”, som foredraget er basert på, terningkast 6. Han skriv: «Ingebrigt Steen Jensen har imponert meg ofte og mye. Likevel aldri mer enn nå. Ved å åpne seg for alt og alle om sin Alzheimer-lidelse, skrive denne boka og dermed gi mange andre håp og innsikt om et liv til tross for diagnosen, er intet mindre enn hans mesterstykke.»

 

Varer ca. 75 min.